Heile speidergruppa reiser på speiderleir til Camp 773 Foreneset, ved Jørpeland. Det vil bli ei helg fylt med masse kjekke leiraktiviteter. Me får bli kjent med andre speidarar, samtidig som me styrker samholdet i vår eiga speidergruppe.
Nærbø speidergruppe vil ha ein eigen base der Flokk og Tropp overnatter i telt. Beverne overnatter innendørs. Alle beverne må ha med ein trygg vaksen.
Fellestransport med buss frå Nærbø fredag ca kl.17.
Søndag kl 12 er foreldre og søsken velkomne inn til Foreneset for å være med på markedet og avsluttende samling. Ta med grillmat til heile familien (inkludert din speider).
Kl 14.15 er siste samling med utdeling av merker. Etter dette hjelper alle til med å pakke ned leiren (her må og tilreisende foreldre hjelpe til).
Når leiren er nedpakka sitter speiderne på med foreldrene heim igjen. Det blir altså ikkje satt opp felles buss heim. Har nokon behov for transport heim må dei fyrst prøve å avtale med andre foreldre. Om dette mislykkes melder du frå til Hans-Arvid.
Pris 950,- Dette er inkludert mat, overnatting, merker og busstransport til Foreneset.
Påmeldingsfrist er satt til 18.mai. (påmelding er bindande).
Pakk i tursekk - alt må bæres eit lite stykke. Dette må med i sekken:
Klede etter veret, skifteklede, varme klede, ullundertøy, sovepose, liggjeundelag / laken (bever), kopp, tallerken, bestikk, spikkekniv, speiderskjerf, gode sko (værbestandig)
Me kan skaffe ein del utstyr gjennom Frilager. Meld ifrå innan 11.mai til hans.arvid.grodeland@speiding.no om det er behov for det.